Oseberg Kulturhus
Oseberg Kulturhus logo

Utgått arrangement

Dette arrangementet er utgått.

Jul med Odd Nordstoga

Jul med Odd Nordstoga

Jul med Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester.

Då Odd Nordstoga spelte inn juleplate og drog på juleturné med Det Norske Kammerorkester i 2018 var det fyrste gongen Odd hadde sin egen julekonsert, og den blei møtt med fulle hus og knakande gode meldingar over heile landet. Jul og Odd Nordstoga er og har vore kjent og kjært for dei fleste, med Jul i Svingen på NRK, Strålande Jul med Sissel og Odd, og julekonsert på NRK1 med Det Norske Kammerorkester vesle julaftan seier sitt.

Med eit av verdas beste orkester i ryggen, og ei svært kritikarrost juleplate i bagasjen, ser vi ingen grunn til å ikkje setje opp juleturné for Odd Nordstoga i år òg! Du får høyre Jul i Svingen med han som har laga den, i tillegg til alle dei andre julesongane du tenker på med Odd Nordstoga.

Dette blir igjen årets julegåve frå Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester. Vel møtt til høgtidsam og humørfylt julekonsert som osar av god stemning og utsøkt musisering. Det blir garantert god jul!

Time Ons. 22. des. kl. 18.30 - kl. 20.00
Location Oseberg Kulturhus